Bumerke

Valfritt sidemål gjev ein hjerne-daud og einsretta kvardag

Ukunnige Høgre meiner enkelt og greit at innbyggjarane av dette landet er for dumme til å læra meir enn eitt språk. Det er difor dårleg gjort å tvinga folk til å tenkja sjølv, og det er dårleg gjort mot alle som heller vil nytte tida si til å sjå på fjernsynet.

I røynda vil veldig mange nytta sidemålet sitt etter vidaregåande. For dei dummaste av nordmennene vil dette vera veldig diskriminerande, sidan våre nye landsmenn kan fleire språk og dimed stiller betre.

Me i Ukunnige Høgre lukkar øyrene når nokon argumenterer for sidemål – og roper høgt når me kjem på veldig dårlege argument mot.

I 1907 vart sidemål innførd i Noreg for å gje norske elevar eit val. Me vil fjerna dette valet, sidan det tek bort verdifull tid til fjernsynstitting.

100 år er meir enn nok! Me krev mindre kompetanse og mindre kunnskap i verda!

Noreg i 2007
Så mange har skrive under
195

Innlegga vert kanskje loggførd med IP.

Foto: Lønsjpause av V. Thingvoll og Katteleik av S. Hansen.